• 15:23
  • 02.11.2015




  • Hey you! Her kjem ein liten update på korleis treningen går for tiden ☺

    Etter å supersetta stort sett alle øvelsar i ein lengre periode såg eg meg til slutt litt lei av det. Supersett er kjempebra trening, men eg sakna å kunne konsentrere meg om ein øvelse om gangen, for så å gå vidare til den neste. 

    Med dette i bakhovudet lagde eg eit nytt treningsprogram med hovudfokus på å øke styrken i baseøvelsar, øke muskelmasse og samtidig unngå smerter i korsryggen. (Litt vedlikehold av kondisjon måtte også vere med, så klart) Resultatet blei eit vekeprogram med 4 styrkeøkter, derav 3 baseøkter med få øvelsar og MANGE seriar og 1 litt lettare økt med støtte- og isolasjonsøvelsar + 1 valgfri cardioøkt.

    Eg trenar fremdeles før fuglane står opp (dvs. i 5-tiden om morgonen), og vekas første treningsøkt blei unnagjort i dag tidlig. Den såg slik ut:

    - Knebøy, 8 reps x 10 seriar
    - Benkpress, 6 reps x 8 seriar
    - Smal nedtrekk, 6 reps x 8 seriar
    - Core: Sideplanke med hofteabduksjon, 10 reps x 6 seriar

    Dette kan for nokon sjå ut som ei økt som tar ganske lang tid. Det gjelder å vere effektiv! Eg prøver å korte pausane mine ned til ca. 1-2 min (noko som så langt har gått greit - det er ikkje så mykje som skjer på instagram på morgonkvisten) 

    Kroppen responderer så langt veldig bra. Eg gledar meg til å sjå korleis det går vidare! ☺


    kommentarer: 4


    Kristina B.

    02.11.2015 kl.16:44

    Det så faktisk ut som ei skikkelig digg økt! Jeg trener selv en del splitt fortiden, og kroppen min responderer ikke veldig bra på det, og jeg har ikke blitt så mye sterkere i baseøvelsene da jeg stort sett bare trener en øvelse en gang i uka. Så når denne uka er ferdig blir det back to basic og mye baseøvelser :D

    Henriette Celin

    02.11.2015 kl.16:48

    Så flink du er da, og bra å lage seg varierte treningsprogram. Og gjerne variere mellom flere (: stå på videre :-D

    Vibeke Vigdal Øren

    03.11.2015 kl.04:52

    Kristina B.: Kroppen har godt av variasjon, og det kan vere den rett og slett har blitt litt for godt vandt med splittprogrammet. Det høyres lurt ut med mengdetrening på baseøvelsar framover - da sikrar du deg garantert ein styrkeøkning :-) Lykke til!

    Vibeke Vigdal Øren

    03.11.2015 kl.04:52

    Bergensergenser: Tusen takk for det! :-D

    Legg igjen en kommentar

    Vibeke


    Mitt navn er Vibeke Vigdal Øren, eg er 20 år gammal og kjem fra Årdal i Sogn og Fjordane, men studerer for tida fysioterapi i Bergen. Eg er utdanna personleg trenar og kan kategoriserast som godt over gjennomsnittet interessert i trening, sunt kosthold og helse ♥

    Kontakt: vib3ke@hotmail.com

    INSTAGRAM



    KATEGORIER



    DESIGN


  • ALBISS.BLOGG.NO
  • hits