• 12:00
  • 02.01.2016







  •  

    WELCOME, 2016!

    Det nye året står framfor oss, og som ei bok beståande av blanke ark ventar det berre på å fyllast med innhold. Eg veit at det i desse tider er mange som set opp (eller allerede har satt seg) nyttårsforsett. Dei tidligare åra har eg aldri satt meg nyttårsforsett, men i år tenkte eg å prøve det ut for å skape eit bra fokus i starten av året.

    Nyttårsforsett treng ikkje å vere vanskelig! Det handlar om å skape ein utfordring for seg sjølv, ein utfordring som samtidig er oppnåelig. Det kan også vere lurt å unngå milelange lister med alle mulige mål og ønsker, og heller holde seg til eit par ting som ein vil konsentrere seg om. Da gjer ein det mykje lettare for seg sjølv ☺

     Eg har to hovudmål for det nye året:

    1. Bruke meir av ressursane mine

    Eg skal bli mykje flinkare til å utfordre meg sjølv i kvardagen og vise kva eg er god for. Tidlegare har eg hatt følelsen av at eg har holdt litt tilbake i mange situasjonar, og eg ser no at eg egentlig kunne ha bidratt med meir enn det eg har gjort. Fjoråret mitt blei kort oppsummert brukt på studier, jobb, trening og venner. Denne rutinekvardagen fungerte heilt fint, men no kjenner eg at eg vil utvide horisonten litt meir og gjere nokon forandringar. Eg har blant anna tenkt å hente fram igjen håndballen fra hylla, og eg skal gjere alvor av ein tanke eg lenge har gått med, og hjelpe til med frivillig arbeid hos Dyrebeskyttelsen i Bergen. Eg gledar meg virkelig til å kome i gang med litt andre ting og by meir på meg sjølv! 


    2. Gjere noko for nokon andre kvar dag

    Dersom alle viser litt meir omtanke for andre vil det skape ein betydelig forskjell. Eg har i ein alder av 21 år innsett at eg er egoistisk av natur (hehe), og eg vil derfor legge vekt på å rette fokuset litt vekk fra meg sjølv, og meir over på andre. Eg skal gjere mitt beste for å vere der for venner og familie, stille opp, vere støttande og bruke øyrene mine meir enn munnen.
    Eg ønsker også å vere hyggeligare mot framande. Ute i bybildet blir det fort til at ein tar på seg "konsefjeset", pluggar inn øyreproppane og gjer seg totalt utilgjengelig for omverden. Dette mønsteret skal eg prøve å bryte. Eg veit kor hyggelig det er å få eit smil fra ein tilfeldig forbipasserande (eller tørkehjelp når 1,5 litersflaska med soyasaus trillar ut av handleposen på Rema 1000 og endar opp med å marinere heile butikkgolvet ...)

     

    Håpar at 2016 blir snill mot dikka ♥


    kommentarer: 5


    MariaExpressen

    02.01.2016 kl.14:28

    HÅPER du klarer å holde målene dine i 2016! BTW, veldig glad i det sitatet.

    Vibeke Vigdal Øren

    02.01.2016 kl.14:38

    MariaExpressen: Takk for det :-) Eg også!

    Kristin Antiveros

    18.01.2016 kl.17:58

    Hei Vibeke, så utrolig koselig å "finne" deg igjen. Jeg vet ikke om du husker meg, men vi fulgte hverandre på instagram (@kristinantiveros) men jeg sletta kontoen min i fjor sommer. Kom tilfeldigvis over bloggen din nå og ble så glad. Nå kan jeg følge deg videre her :-) Håper alt er bra med deg :-)

    Vibeke Vigdal Øren

    23.01.2016 kl.00:32

    Kristin Antiveros: Ååå for ein hyggelig kommentar! Eg lurte på kor det blei av deg, skjønnar du :-D Du er ein av dei eg ser mest opp til! Med meg er alt veldig bra akkurat no, og eg håpar virkelig at alt står bra til med deg og dine også :-)

    Kristin Antiveros

    28.01.2016 kl.09:11

    Nwåh, så utrolig koselig å høre <3 Takk for det, vi får følge hverandre videre her inne, hihi ;-) Ha en super dag! Klem :-)

    Legg igjen en kommentar

    Vibeke


    Mitt navn er Vibeke Vigdal Øren, eg er 20 år gammal og kjem fra Årdal i Sogn og Fjordane, men studerer for tida fysioterapi i Bergen. Eg er utdanna personleg trenar og kan kategoriserast som godt over gjennomsnittet interessert i trening, sunt kosthold og helse ♥

    Kontakt: vib3ke@hotmail.com

    INSTAGRAM



    KATEGORIER



    DESIGN


  • ALBISS.BLOGG.NO
  • hits