• 10:00
  • 15.02.2016



  • Denne oppskrifta finn du også på Porten.no


    Her kjem oppskrifta på ein pizza av den litt utradisjonelle sorten: Kikertpizza!


     

    Til 2 små pizzaer treng du:

    - 50 gram kikertmel (kjøpast på helsekost eller i velassorterte matbutikkar)

    - 0,5 ts salt

    - Krydder etter ønske (eg brukte pepar, kvitløk og paprikakrydder)

    - Vatn til passeleg konsistens


    Slik gjer du:

    Ha kikertmelet i ein bolle, tilset salt og krydder og rør godt. Hell så gradvis i vatnet til du har noko som minnar om pannekakerøre. La så røra stå litt, gjerne 15-20 minuttar.

    Set på steikeovnen på 150 grader. Medan du ventar på at den skal bli varm skal du no lage pannekaker av røra: I ei stor steikepanne med litt olje i steiker du 2 tjukke, store pizzabotnar. Ha desse deretter over på eit bakepapirkledd steikebrett, ha på ønska pizzasaus og topping og set pizzaene inn i steikeovnen til osten har smelta.

    Denne gangen gjekk eg for ein enkel, men god variant: Pizza margherita med tomatsaus, mozzarellaost og basilikum. Andre forslag kan vere å lage kvit pizza med saus av kesam, kvitløk og pesto, eller å lage tacopizza med tacokjøtt, mais, løk, tacosaus, nachos og ost.

    Håpar det smakar!

    ♥♥♥


    kommentarer: 1


    Henriette Celin

    15.02.2016 kl.15:02

    Så nydelig den så ut! flink du :-D

    Legg igjen en kommentar

    Vibeke


    Mitt navn er Vibeke Vigdal Øren, eg er 20 år gammal og kjem fra Årdal i Sogn og Fjordane, men studerer for tida fysioterapi i Bergen. Eg er utdanna personleg trenar og kan kategoriserast som godt over gjennomsnittet interessert i trening, sunt kosthold og helse ♥

    Kontakt: vib3ke@hotmail.com

    INSTAGRAM



    KATEGORIER



    DESIGN


  • ALBISS.BLOGG.NO
  • hits