• 19:29
  • 13.03.2016




  • Da er målet mitt under Wings for Life World Run satt! Eg skal prøve meg på 22 km i år, og eg veit det vil bli ein utfordring. Med det meiner eg ikkje berre det å faktisk gjennomføre distansen, men også det å skulle gjere det i hurtig nok hastighet for å ikkje bli forbikøyrt av The Catcher Car. Det blir spennande! 

    Speaking of - no er det forresten bekrefta at Henrik Kristoffersen blir årets førar av The Catcher Car. Kjempegøy ☺

    NB! I dag utgår også fristen for å melde deg på og få navnet ditt på plakaten.


    Ellers starta eg dagen med ein langkøyring på 15 km, ein distanse eg ikkje har gjort på eit heilt år. Det kjentes overraskande lett i kroppen, og ved endt økt kjente eg faktisk at eg kunne ha klart nokon km til - det må da vel vere eit godt teikn?

    For ein sliten kropp var det ekstra digg å få denne leveransen fra Red Bull på døra - da er energinivået i tida framover sikra! ☺


    Red Bull gir deg viiiiinger
     


    kommentarer: 2


    Kristina B.

    13.03.2016 kl.21:36

    Wow, 15 km er knallbra og 22 km tror jeg du klarer LETT! Jeg har i åååår sagt at en dag skal jeg klare å løpe et halvmaraton, bare for å bevise for meg selv at det går, meen etter 12-13 km begynner kroppen å bli passe ferdig. Men jeg setter meg et mål likevell at i løpet av året blir det!

    Vibeke Vigdal Øren

    14.03.2016 kl.08:13

    Kristina B.: Stå på! Det klarar du nok :-D

    Legg igjen en kommentar

    Vibeke


    Mitt navn er Vibeke Vigdal Øren, eg er 20 år gammal og kjem fra Årdal i Sogn og Fjordane, men studerer for tida fysioterapi i Bergen. Eg er utdanna personleg trenar og kan kategoriserast som godt over gjennomsnittet interessert i trening, sunt kosthold og helse ♥

    Kontakt: vib3ke@hotmail.com

    INSTAGRAM



    KATEGORIER



    DESIGN


  • ALBISS.BLOGG.NO
  • hits